

Planlagt oppgradering av Lærdalstunnelen frå hausten 2026
Noverande tilgjengeleg informasjon oppdatert 25.01.2026
Lærdalstunnelen vil gjennomgå ei planlagt oppgradering frå hausten 2026 for å betre tryggleik og infrastruktur.
Det vi veit så langt:
-
Tunnelen vil vere stengt om natta, frå 18:00 til 06:00,
-
Tunnelen er planlagt nattestengd medan arbeidet pågår, med busstransport til fastsette tider for å sikre framkomst mellom Lærdal og Aurland. Nød- og ambulansekøyring får eigne ordningar for å sleppe igjennom,
-
Dagtrafikken vil gå som normalt, men rekna med litt ekstra reisetid, sidan det kan bli konvojkøyring eller semafor i delar av tunnelen, noko som er vanleg under oppgraderingsarbeid.
Kven dette gjeld
-
Stengingane gjeld berre reisande til eller frå Bergen (inkludert Flåm, Voss med fleire),
-
Oppdateringar blir delt fortløpande.
Alternative ruter (sommar)
-
Fjellvegen (Aurlandsfjellet) kan brukast, men tek lengre tid og er veravhengig,
-
Reisande bør rekne med ekstra tid og sjekke vegtilhøva før turen.
Reiseråd
-
Planlegg turen slik at tunnelen kan brukast utanom nattestenging (06:00–18:00),
-
Rekn med ekstra reisetid, særleg i høgsesongen,
-
Ta kontakt for hjelp med reiseplanlegging under nattestenging.
For meir informasjon, sjå nettsida til Statens vegvesen: E16 Lærdalstunnelen | Statens vegvesen

